- Project Runeberg -  Forteljingar /
105

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TORGRIM OG EG 105

— Ja, han er reint som umsnudd no, — han
talar berre um, korleis han hev tent den vonde og
øydt upp sit liv ..

Eg vart heiltupp arg yver dette, og sa kva eg
meinte um denne seine umvendingi:

So er det med folk, — so lenge dei er unge og
friske, tener dei djævelen; men naar dei vert sjuke
elder gamle og skal til aa døy, kryp dei til krossen.

— Ja, kva skulde me elles gjera? spurde mor
forbina.

— Gjera? Me skulde lata os umvenda, med
me er unge og sterke og kan gjera noko for Guds
rike.

— Men naar ikkje Guds tid er komi?

— Gud vil alltid det, sa eg. Det er menneskja
som set seg imot.

— Aa ja, Gud bære os, det er altfor sant det,
jatta mor. Men eg skulde no so endeleg beda deg
koma ned til ’n og lesa for ’n .. han hev slik ei
tiltru til deg. Det siste han sa, daa eg gjekk, var:
Gud velsigne deg, kan du faa Leiv til aa koma ned ..

Eg høyrde kje meir, kva ho sa. Eg stirde inn
i eit stort myrker av hat og hemnhug og alt det
vonde eg ein gong hadde bore paa, og sa: da, eg
kan alltid gaa der ned ein av dagarne. Eg fær no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free