- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
48

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 48 -

kongen hadde vel nok aa føda paa lell, um han
ikkje skulde føda slikt pakk! Og dermed stormar
dei ned paa laaven og bryt upp døri og dreg ut
ein og ein av skottom — og skyt dei ned, etter
som dei kjem ut.

Best det er kjem det ut ein, som ikkje bit
skot paa. Det stend ein bonde og skyt, han
sigtar paa skallen; men skotten stend like stram.
Bønderne vert reint fælne. Daa grip dei aat
spjutom, og gjeng paa og stikk honom ihel.
Soleis gjekk det med fem elder seks som det
ikkje beit bly paa; dei fall for spjut.
Her segjer visa:

De agted ei lod eller krud,
det tørred i deres pander;

saa haard var deres kjød og hud,
det kunde ei gjennem dem gange.

Formedelst list og troldomskunst
— den havde de lært til prikke —
hvad man dem gjorde var omsonst,
de monne ei derved hikke.
Saa toge de til skarpe spjud
og monne til dennem rende,
da revnede baade kjød og hud
og gjorde med dem en ende.

Daa kjem dei ut med ein fange, som er
mest vitskræmd. Han stirer fyrst paa ei sida, so
paa ei onnor. Men bønderne stend umkring.
Ingebrikt Valde fraa Vaagaa sit paa hesten og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free