- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
47

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Al —

XV.

Det er same dagen um aftan; bønderne
hev gjort ifraa seg. Men dei veit ikkje kva dei
skal finna paa med fangom. Hovdingarne segjer
det er ikkje onnor raad en aa fara med dei radt
aat Akershus festning. Daa tek dei utyver dalen„.
og like hans Sinklar hev dei med seg. Per
Klognes fylgjer med og gjeng og fortel all vegen
um kor fælt skottarne hev fare fram; det er slikt
at haare kan reisa seg. Bønderne vert harmare
og harmare; til slutt kan dei mest ikkje styra
seg-So kjem dei aat Klomstad i Kvam. Dei hev
fare halvonnor mil og er trøytte og kjeie; og
det er myrke kvelden. Her finn dei ein laave,.
og stengjer inn fangarne og set vakt umkring.
Dei vil venta paa morgonen og taka ei avgjerd
daa; mange ropar at dei hev fortent dauden.

Um morgonen held dei samraad. Mange
av dei beste bøndom segjer at det vil vera
synd aa drepa dei; det rettaste er aa fara med
dei aat Akershus, — so kan kongen faa dei.

Men det behagede dølerne ei,
at de saa skulde drage
gjennem den lange og trange vei
og gjøre landet umage.

Aat Akershus var det yver 25 mil og vond
veg aa fara. So var det midt i heitaste onnom.
Daa ropar bondehopen at det skulde aldri skje;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free