- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
30

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30

tal, um me legg Brage-kvadi og til de 9de hundradaare,
og kanskje heller ikkje so reint mange aar eldre enn
Ynglingatal, t. d. ei 30—40 aar, eller jamvel mindre. Og
de me elles veit um den ting tyder paa at maale fraa
paa lag 800 i hovudsaki hev vori de same som me
kjenner fraa den gamle norrøne bokheim. Meir kunde
daa versemaale i Brage-kvadi synast tyde paa ei
yngre tid, med di at de er meir kunstigt enn i
Ynglingatal. Men naar ein ser korleis dei brukar kunstigt
og mindre kunstigt versemaal um kvartanna i lange
tidir utetter, ofte same skalden, etter dei ulike emne
eller dikt-slag, so kann ikkje de her vega noko til aa
avgjera spursmaale um alderen. Heller er de so, naar
ein ser grannare paa verselage i Brage-kvadi, at dette
peikar mot ein høg alder, at de i minsto i sitt slag er
de eldste me hev no. I de meste me hev av desse
kvadi no, er versemaale drottkvætt, og soleis kunstigt
nok for so-vidt, men likevel meir uvandt og ustødt eller
regel-laust enn de meste eller alt me elles hev av de
slage. Brage brukar nok hendingar, baade heilhending
og halvhending, men oftast berre i den eine lina av
linepare, den siste eller etter-lina — og ikkje alltid
der heller — og i denne lina brukar han mest likso
ofte halvhending som heilhending, ikkje aa tala um at
de og kann hende han brukar heilhending i fyri-lina,
noko som skaldane seinare med kunde taka seg løyve
til. So kann ein nemne at han av og til hev ei lett
staving framanfor hovudstaven, noko som ein mest aldri
ser hjaa drottkvæde-skaldane seinare, og serleg de at
han ikkje alltid hev siste hendings-stavingi i siste
versfoten i lina, men stundom i versfoten framanfor den,
Alt dette tyder paa eit versemaal som ikkje var ferdigt,
men var i si byrjing, heldt paa og laga seg i Brage
si tid,

„Kenningar“ og slikt brukar han heller ikkje so
lite av, men likevel ikkje meir, ikkje ein gong so mykje
som i Ynglingatal, endaa ein heller skulde venta meir
av de slage i Brage-kvadi, likevel um dei er eldre, med
di at versemaale her er vandare. Heller ikkje er
umskrivingane meir „søkte“, men oftast uvande og vel
høvelege baade med innhalde og tankegangen i den tid,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free