- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
29

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29

naamabok fær me vita at dotter aat Brage var mormor
aat Arinbjørn. Denne dotteri aat Brage, Aastrid, var
like eins mormor til Rosskjel, bestefar aat Tind skald
og hans bror Illuge Svarte, far aat skalden Gunnlaug
Ormstunge (d. 1008) o. s. fr. Ymse fleire stadir
med er de fortalt um at Brage var skald hjaa
sviakongen Bjørn, „Bjørn paa Haugen“ som han vanleg er
kalla, og alt tyder paa at dette er den Bern, konge i
Svitjod, som Rembertus (d. 888) nemner i si bok um
Ansgar, 1 forteljingi um ei ferd Ansgar gjorde dit ved
aar 827. I Landnaama og fleire andre bøkar er de og
ei forteljing um at Brage var hjaa kong Hjör paa
Hordaland ein gong daa tvo av sønine aat denne kongen
var smaagutar. Dei kom sidan baae til Island og
tok land der. Den eine av deim, Geirmund, kom
dit ved aar 895, og var daa noko til äars komin.
Endeleg hev me eit vitnemaal i de største eller einaste
nokolunde heile kvade me hev etter Brage, der ein kann
sjaa at de er dikta til takk for ein skjold han hev fengi
av ein konge Ragnar, Sigurds son, — Ragnar Lodbrok,
er de sagt sume stadir. Dette skal de koma meir um
seinare, daa de her er ymist ugreidt; men kor som er,
peikar no dette og til ei tid fyri Harald Haarfagre. So.
mange og slike vitnemaal fær ein taka for gode, um ein
i de heile vil tru paa nokon ting.

Men dermed er de ikkje avgjort med dei kvadi som,
Brage er namngjevin for, um dei og ber namne med
retto, endaa um ein maa segja, at de at vitnemaali syner
seg so paalitande i ein veg, de talar for at dei og er
aa lite paa i ein annan, soleis at de krevst klaare og
tvingande grunnar til aa forkaste deim. Den som hev
ført fram dei sterkaste grunnar i den vegen er professor
Bugge. Um dei fleste av deim er likevel aa segja, at
dei stend og fell med hans grunnar imot Ynglingatal.
Daa me no kann gaa ut ifraa som fullt og fast avgjort,
etter de som er paavist, at Ynglingatal stend uriggelegt
i de rome de hev havt fraa gamalt, so er dermed ogso
teki magti av dei fleste motgrunnar mot aa taka
Bragekvadi for so gamle som dei er gjevne ut for. Dei
grunnar som Bugge hey meint aa finne i visse maal.
formir gjeld soleis ikkje meir Brage-kvadi enn Ynglinga-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free