- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
121

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Judas Makkabeus.

Syng nr. 414.

I Johannes-evangeliet 10de kapitlet stend: So
høgtida dei tempelvigsle-helgi i Jerusalem; det var vinter.
Dei høgtida den helgi i desember månad kvart år.
Det var til minne um noko som hende meste tvo hundrad
år fyre Jesu tid. Eg lyt fortelja um dette. Det stend
ikkje i vår bibel. Men i den gamle danske bibelen stod,
etter dei 39 bøkene i gamle-testamentet, ei rekkja
«apokryfiske skrifter»: Tobia-boki, Judit-boki,
Siraks-sonens visdomsbok, og tvo makkabear-bøker, og endå
nokre fleir. I 1ste makkabear-bok er fortalt det som
eg her skal ripa uppatt.

De veit Aleksander den store sette seg til mål å
f øra gresk kultur inn i alle dei gamle landi: i Syria, i
Mesopotamia, i Persia, i Egyptarland, og kring heile
Midhavet. Det er denne kongstanken hans som hev
gjeve Aleksander tilnamnet den store.

Vel eitt hundrad år etter Aleksander vilde ein
syrarkonge Antiokus Epifanes føra Aleksanders
kongstanke igjenom med makt: no skulde alle folki taka gresk
kultur og gresk religion: den greske gudefar Zevs fekk
sine tempel i alle byar. Hjå jødane møtte han
sjølvsagt motstand. Og so sette han hardt mot hardt: han
forbaud umskjeringi og andre religiøse jødeskikkar,
han forbaud ofring til Israels Gud, han vanhelga sab-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free