- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
120

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120

Draumen var um eit veldigt stort tre, og ei røyst
som ropa: hogg ned treet! og skjer greinene av! Daniel
tydde draumen so: du konge er sjølv dette treet: du
skal verta utstøytt frå menneske og bu millom dyri
og eta gras som ein ukse. Det gjekk slik, Nebukadnesar
vart sinnssvak, fekk stormannsgalskap, som enda med
at han levde som eit dyr eit langt bel. Det var ei tydeleg
minning um kor dei høgste menneske kan verta
ned-støytte frå makti si. Det var og ei trøyst i martyrtidi
då kongen pinte og drap Guds olk.

Innskrifti på veggen såg kong Belsasar i eit gjestebod
han heldt. Full var han, og fulle var gjestene. Han
baud dei skulde henta dei gullstaupi som Nebukadnesar
hadde teke frå templet i Jerusalem; dei drakk av staupi,
til spott for Israels Gud. Ein tysk diktar Heinrich
Heine hev laga eit dramatisk dikt um dette hendet.
Han legg i munnen på Belsasar svivyrdande ord mot
Jahave, Israels Gud. Då kom det ei hand som skreiv
på den kvitkalka veggen i kongshalli. Kongen såg det;
han skifte let, heldt på å uveta! Daniel kom og tydde
skrifti: mené, mene, tekél, ufårsin! det vil segja: tald,
tald, vegen, sundbytt: dagane dine er talde! du er
vegen og funnen for lett! riket ditt vert sundbytt og
gjeve åt persarane.

Soleis vitnar Daniels-boki mektig um Guds allmakt:
Guds mylna mel trygt. Amen.

Syng nr. 32 i Nynorsk salmebok, salmen av
Nord-landspresten Peter Dass, og syng folketonen som hev
fylgt den salmen i fleire hundrad år: Herre Gud, ditt
dyre namn og æra yver verdi høgt i akt skal vera.
Gud er Gud um alle land låg øydde. Høge hall og hytta
feil i sunder. Men fram skal roda som sol å skoda:
Guds rike!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free