- Project Runeberg -  Barndomsminne /
107

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i det dei sa, endå dei var glade og lentuge nok.
Dei song so mykje og, og dei las dikt og tala
um slikt som var utanfor kvardagen. Og eg var
sopass stor då, at dette vart dragande for meg.
Ole Brandt var min fyrste vaksne kammerat, og
eg vart sjølv mest som vaksi ved å få han til ven.

Men ikkje var dei meir ålvorsame enn dei
hadde stor moro av mine små danske visestubbar.

Snart flutte eg til Oslo, og såg ikkje Brandt
att, fyrr me båe var gifte og tilårskomne. Men
då fortalde han meg, at han reiste til Kristiania
eit par år etter eg var reist og "gjekk gate upp
og gate ned" i von um å møte meg. "So barnsleg
var eg," sa han.

Men då han i 1887 såg i bladi, at Garborg
hadde vorte gift med ei Hulda B., fekk eg eit
brev frå han, der han spør um eg er den "Hulda"
han kjende i seminartidi på Hamar.

Eg hugsa ogso lenge på Ole Brandt seinare
i live. Han høyrde med til mitt fyrste møte
med bonde-romantikken, saman med Gløersen,
Sagatun. Og den "Nasjonalbunaden" ei ung
fager gjente frå Hardanger gjekk med i
Strandgata ein sumar ho var elev på Sagatun.

Då eg såg denne "huldra" med raudt liv og
kvite skjurte-ermar, gav eg ikkje fred fyrr eg
fekk mor til å saume noko liknande. Låk og
billeg etterlikning var det, men for meg den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free