- Project Runeberg -  Barndomsminne /
106

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

jord og bruse (eine) og allslag lauv og blom til
jonsok-pryd i heimane.

Det skulde ikkje stor utrusting til ein landtur
dengongen. Fekk me eit par smørbrød og ei
flaske mjølk med oss, var me stornøgde. Ja, um
me so berre hadde eit lite fat kaldgraut til mjølki,
so skipia det ikkje gleda ved turen.

Stundom gjekk mor og eg heilt åleine på
landtur um sundagane. Då kunde ho sitja i grase,
eller på den blanke strondi, der eg fekk lauge
meg, og småsyngje. Altid dei same små songane
av Erik Bøgh eller av "En søndag på Amager",
"Abekatten", og andre danske songar.

"Håbet er lysegrønt, glæden er himmelblå,"
"Dengang jeg var pige," o. s. b., med’ ho sauma
eller hekla på eit sundags-handarbeid.

Landtur med brus og kakor visste eg ikkje av
fyrr eg var ei tolv-trettan års dame og hadde
fengje eit par seminaristvener. Me kom til å bu
i same garden som Ole Brandt frå Valdres, son
til klokkar Brandt i v. Slidre. Han var so god
i seg og gav meg eit syskrin med spegil i, og ein
liten fingerring fyrr han reiste heim og skulde
bli lærar og seinare klokkar etter far sin.

Eg sakna Brandt og dei par kammeratane hans
som var saman med oss. Det var nye typer for
meg. Måle dei tala, måten dei var på i samvære,
alt var annleis. Det var liksom so mykje ålvor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free