- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
18

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18

verdslege kvinnor hadde mang slags pynt. Ein varm
kristen som tidt vitja hyen, marinekaptein Isaaehsen
frå Arendal, vart dømd av ein sjømann : eg kan ikkje
halda han for ein kristen; han plistrar. Både i
Arendal og Risør vart trongsyni til ånds-tyrranni: dei som
vilde vera kristne, laut bøygja seg for kritikken og
dilta med flokken.*)

Paul Wettergreen var sjølv ikkje so trongsynt.
Tvert um. Eg minnest kor kjærleg og mildt han tok
meg um halsen : du bed vel aftenbøn du guten min !
slik varme tok meg’ ved hjarta. Då me på Risør
mil-lomskule gav ut eit handskrive blad, teikna
Wettergreen seg som abonnent! I det heile hev eg mange
varme minne frå guttedagane um Paul Wettergreen.
Han budde tidt hjå oss. Og eg tykkjer enno eg ser
han og far sitjande i sofaen og syngja Ahnfeldts
svenske song: jag är främling, jag är en pilgrim. Men
Wettergreen sette ikkje dømesykja til veggs, som han
kunde og burde ha gjort. Dermed vart han driven

inn i kritikksykja han og.

*



Det var i 1877 foreldri mine flutte til Risør. Alt
fyrste vetteren var far i elden. Det var ei rekk ja med
kyrkjelege møte på rådstua: «hus-federne» skulde
g.jeva fråsegn um nokre reform-framlegg; serleg galdt

*) Ein kapellan i Arendal kom slik i trældom at han
slutta spela piano, måtte berre syngja gudelege songar og
berre lesa gudlege bøker; dei refste han når han song eller
las noko anna. Men då ein dag ei kona sa han skulde raka
av seg skjegget, for det «forarga» henne, — då manna han
seg upp og svara; skjegget er mitt og det skal stå
Dette hev eg frå fvrste hand.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free