- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
180

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

siettor — men fyrst og sist dyrk menner! Usselt er det
landet der rikdomen veks og mannen minkar! De maa
ikkje berre samle rikdom, men bli rikdom! Landet vaart
er stort, men det er ingenting aa skrøyte taa, dersom ikkje
stordomen fær flytja inn i dykk sjølve, til kvar einaste
mann og kvinne. Det store landet er det som har dei
beste menner og kvinnor. Rein, sterk karakter er meir
enn tusental rutemil land, meir enn byar og fabrikkar,
meir enn alt larmande liv. La oss byggje folket likso vel
som landet — byggje det upp til sanning, til rettferd, til
manndom, til mod, til mannemilde, godleik, kjærleik!"

Um seg sjølv segjer denne mannen:

„Daa eg var yngre, var det mi største sut aa kunna
akte meg, so eg ikkje vart snytt eller saara eller skadd
av nokon. No er det meg berre um aa gjera, at ikkje
eg snyter eller saarar eller skader nokon.

Dette er daa paa veg til moral — det hitt var
livssynet aat eit sjukt rovdyr. Aa, som vi treng ein daap av
aand og av eld!“

III.

Vi kan ikkje slutte her — vi maa ha nemnt hövdingen
for denne misjonen, han som greip so djupt inn i
men-neskje-tilværet med sin tale, og endaa meir med sitt liv,
at han har faatt namn over alle namn.

Det kan ingen annan vera og bli enn Bibelens Jesus
Kristus.

I grunnen er det hans program vi freistar aa realisere,
hans rike vi strævar med aa faa til her paa jorda so godt vi kan.

Han sa ein gong i ei aalvors stund nokre merkelege
ord, som aldri kan gaa oss or gløyme — dei kunde godt
vera overskrift over arbeidet i folkehøgskulen.

„Kva gagner det deg, menneskje, um du vinn heile
ver da, men tyner sjæla di? Eller kva har eit menneskje
meir aa gje — til byte for sjæla si?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free