- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
179

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

framande som dei laag paa kne for — baade dei framande
gudane og den framande kulturen — var forgift for deira
sjæl, sa desse karane, som med ein munn! Umsegsjølve
sa dei at Gud hadde sendt deim te aa segja dette.

Denne misjonen — som vil, la meg segja, hjelpe
ungdomen upp over naturen og dyret og faa deim, mann
og kvinne, til aa dyrke det evige, det guddomelege i seg
— han vil aldri koma te aa vante talsmenn, jamvel um
folkehøgskulen vaar sviktar og det gaar gale med vaart
folk. Eg kan her, millom dei mange fraa andre land,
nemne kva tvo av dei nyare har sagt. Tomas Carlyle —
som siost med den lærde gudløysa i England — segjer:

„La oss daa for ein gong skuld prøve denne moderne
læra: at det ingen Gud finst, ingor openberring, ingen
bibel og ingen himmel, — kor langt kjem vi? For det
finst og bur likevel i meg eit noko som aldri vil gjeva
meg fred eller giede, med mindre eg fær livet mitt i
samklang med rett og sanning og kjærleik (desse ting som
openberringa set øvst av alt). Her er ein himmel og eit
helvete i mi eiga sjæl — gudegneisten sit her inne og vil
ikkje slokne um so heile verda kom med sine tvil og
granskingar og grunnar."

Og ein diktar-profet der over i Amerika, Emerson —
la oss høyre kva han har aa segja til sitt folk.

Fyrst minner han deim um at dei kvar ein har ei
evig sjæl som dei ikkje skal røme ifraa. Og so segjer
han: „Bygg byar, og legg under dykk jorda. La hjula

spinne og røyken stige til vers. Men drep ikkje sjæla
dykkar — nei, bygg med sjæla, la ho faa styre dette
sterke arbeidet, la ho faa heidersplassen midt i hallen.
Gakk so inn, ver stille og høyr hennar tale framum alt
anna! For det er eit land som ventar paa aa bli dyrka
og bygt i dykkar eige brjost, i kvar ein av dykk. Vend
augo dit inn! Aa, bli vakne, bli levande, ver menner i
full meining! Dyrk rug, dyrk kveite paa dykkar endelause

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free