- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
72

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mykje oftare enn Grundtvig. Serleg av bønder og
fri-skulefolk. Og millom husmenner og smaafolk levde han
som eit orakel — endaa han hadde vore burte i 9 aar.
Han døydde 1870.

Kvar eg kom høyrde eg noko um Kristen Kold. Og
dei hermde han ordrett. For det hadde brent seg inn i
deim som ei openberring fraa høgre heimar. Det
kjen-dest so sjølvsagt sant at dei kunde ikkje gløyme det meir.

Som eit stort tre stod han midt i folkeskogen der
nede — og hadde vove røtene sine burt igjenom all
mark. Og kruna — ho naadde upp over all skogen
umkring.

Den mannen maatte ha livt sterkt, tenkte eg, som
kunde setja slike merke etter seg, inn i alle han kom
saman med. Eg grov og spurde; og fekk høyre meir
og meir.

Daa skreiv eg heim aat Kristofer Bruun, at no lærde
eg meir av Kristen Kold daud enn av alle dei hine
levande. Han tok til aa setja merke i meg med.

Ja, alt dei fortalde um denne mannen og hermde
etter han — alt var slikt at han lyste og levde i det.
Det skar seg inn i meg so klaart som solskin. Han var
ikkje berre ein danske, nei han var nordmann: ein
kjen-ning fraa Gudbrandsdal, ein Vis-Knut, ein Paal fraa
Kvenn-husheid, ein eg maa ha drøymt um eingong . . .

Og all tid paa ny denne same himmelhøge gaata aa
løyse: korleis skal vi leva, so det biir guddoms meining
i livet vaart, og korleis skal vi hjelpe borna vaare og
ungdomen vaar til det same?

Kristen Kold gav svar paa dette. Heile livet hans
var svar.

I skulevegen vart han ein heros, ein rudningsmann
av dei aller fremste vi veit um. Det er ingen vaagnad
aa segja at han er den største pedagog som nordlanda
har fostra.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free