- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
71

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gaa paa og leggje under seg! Det var ikkje tale um aa
tapa, der i garden. Soleis var det med minst annankvar
ungdom eg raaka paa og vart godt kjend med der nede.

Dei tala ikkje mykje um Vaarherre. Men det skyna
eg snart, at dei hadde han i bakhand — baade attanfor
og innanför seg. Han var solskinsmannen, den rike gode
føraren deira, som hadde skapt deim just til dette, og
visste raad mot alle vanskar; det slo ikkje klikk, naar
berre dei heldt ut. Dei leit paa han trygt og bygde
framtidsvonene sine paa hans hjelp, det merkte eg seint
og tidleg.

Det var som dei hadde funne att vegane til
paradiset — og hadde det straks framum seg.

Noko var hendt her — det maatte eg sjaa. Kvar
hadde dei denne ljose sterke trua fraa?

Fraa friskulelærarar, folkehøgskulelærarar, nokre
pre-star og bønder her og der — som hadde prøvt aa leva
etter dette, og røynt at det var sant, sa dei.

Men kvar hadde so dei faatt det fraa? Eg grov og
spurde.

Fraa Grundtvig og fraa Kold. Jau, det var same
svaret stødt.

Men dei daa?

Ovantil-fraa, fraa Gud, vart det sagt. Det hadde
straala ned aat deim; det vart deim gjeve. Dette hadde
dei sagt sjølve.

„Mig blev det givet at opdage“ . . . hadde
Grundtvig sagt.

Og Kristen Kold hadde sagt:

„Grundtvig og jeg er nu de to eneste som paa første
haand har faaet at vide hvordan en skole for mennesker
skal vcere.“

Og her — i skulevegen — vart Kristen Kold*) nemnd

*) Sjaa Kold-boka: „Ein folkelærar“ av Andreas Austlid.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free