- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
50

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

„Men kjære vaar prest — korleis heng dette ihop?
Sist eg tala ved deg sa du beint ut at denne gjenta
visst-nok hadde meir kristendomskunnskap enn nokon av dei
andre du tok imot te konfirmasjon. Er det for Gud du

har dette fine samvetet––––eller er det for menne-

skje —?“

Daa skunda biskopen seg og braut av. „Naturligvis
overfor sine overordnede. Og øvrigheden er indsat av
Gud, min mand," sa han og saag kvast paa meg.

Der stod vi paa nytt. „Øvrigheden indsat av Gud."
Nei, det dogme skulde han ikkje faa narre meg inn paa.

Det nytta ikkje med ordstrid lenger. Eg stod upp
og sa: „Men kunde ikkje biskopen over Hamar stift

løyse desse nye og vonde samvetsknutane aat presten
vaar?"

Han reiste seg og svara: „Jeg har ingen som helst

magt til at avgjøre samvittighedsspørgsmaal."

„Jau visst kan biskopen løyse presten sin hera — sa
eg. „Gjev du berre presten vaar lov te aa konfirmere
gjenta utan at ho lærer Pontoppidans forklaring utanaat

–––! Det var for sine overordnede presten hadde

vondt samvet, ikkje for Gud. Og biskopen er hans
overordnede. “

Biskopen: „Jeg har aldeles ingen kompetense til at

løse dette spørgsmaal!" Daa fikta han med brillom mot
meg. Daa tykte eg han saag stakkarsleg ut.

„Kven har kompetense daa?" spurde eg.

„Kirkedepartementet, kirkedepartementet!" sa han.

„Ja, dei har lova aa fara etter," sa eg. „Men
kan-skje biskopen vilde vera so gjild aa nemne oss den
lovparagraffen som paabyd norske born aa lære
Pontoppi-dan utanaat paa rams, før dei kan faa bli konfirmerte?"
spurde eg — „eg kjenner han ikkje."

Paa det svara han ikkje.

— Etter ein liten trøytt og grætten tale um aa „være

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free