- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
49

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var ei mektig preike, høg og djup, rik og varm.
Og frisynt og brei. Eg fekk stor vyrdnad for mannen,
eg vart tekjen.

Men daa han so eit par timar seinare sat i den store
bispesalen i prestgarden, og alle fedrar og mødrar som
paa nokon maate aatte rom var komne te sætes eller
stod attover golvet, daa datt han ned att te ein vanleg
kongeleg embetsmann med protokollar der framum seg
paa bordet. Og eg saag nokon hårde glimt i dei graa
augom som eg ikkje likte, det var ikkje kristendom, det
var makthug. Og no vart eg herda au. „Staa no fast,
du au,“ sa eg stilt te far aat gjenta. „Eg skal prøve,"
sa han.

— „Er her nogen som har noget ellers at bemærke
eller klage over?" spør bispen endelig og lyfter augo ned
over salen.

No var tida komi aat oss. Det vart so stilt at det
vart reint uhyggjelegt. — Endeleg stod far aat gjenta upp.

Ja," sa han. „Eg har ei dotter som presten vaar
ikkje vil ta imot te konfirmasjon før ho lovar ut aa lære
Potoppidans forklaring utanaat. Og det vil eg ikkje hoskal."

„Men Gud velsigne dig, skulde det være nogen
ulykke, min mand?" spør bispen.

Paa benkjom tok dei alt te aa læ.

Daa stod eg upp — fekk som ein elektrisk støyt.

Ja, hr. biskop, det er ei ulykke! Eg er læraren
hennar og han her er far hennar, og vi er baae tvo samde
um at gjenta ikkje skal lære Pontoppidans forklaring
utanaat paa rams. Det er ei samvetssak for oss."

Eg sette meg og Brodal stod upp.

„For mig er det samvittighedssag at hun lærer
Pontoppidans forklaring udenad, netop samvittighetssag;
derfor kan jeg ikke fravige dette krav" — sa han.

No tykte eg vi hadde presten vaar i klemme, stod
upp att og sa:

A. Austlid: Salt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free