- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
203

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

203
for- han hadde ottast for at dei kunde leggja
baaten utpaa sjøen og lata nokre mann vera
etter til aa ha varveitla paa han. Daa hadde
det vore uraad aa faa taka baaten; men no
kunde det alltid vera ei von.
So snart sjømennerne hadde fenge baaten
vel paa land, sprang dei upp til den andre
baaten Dei vart reint forbina og handfallne,
som venteleg var, daa dei fekk sjaa koss det
der stod til, — at baaten var snøydd for alt
der hadde vore i han og hadde fenge eit stort
hol i botnen. Daa dei hadde sta’e der
soleis og glant eit langt bil, gav dei seg til
aa ropa paa felagarne sine alt dei vann. So
skaut dei alle paa ein gong i lause lutti. Det
svara i alle skogar og aasar, men noko anna
svar kom ikkje. Dei som laag uppi hola
kunde ingen ting Tiøyra, og dei tvo som laag
bundne uppi skogen vaaga ikkje aa svara,
um dei høyrde det aldri so godt. Daa gjekk
dei ti sjømennerne ned til baaten sin att og
drog han ut og støytte ifraa land.
Dette kom kaldlege, paa tverke for Ro
binson og felagarne hans, og skipperen vart
reint forfæld og vonlaus. Han trudde at baa
ten vilde taka beint ut til skipet att med ein
gong og at dei daa vilde sigla sin veg og
ikkje bry seg" meir um dei som var burt
komne. Men sJ o ille gjekk det likevel ikkje.
Daa dei hadde kome eit stykke utpaa med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free