- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
202

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

202
dagen fyri", hadde dei skilt i nokre flokkar.
Dei tvo av fangarne som skipperen hadde
minst tru til, hadde dei havt inn i den store
hola uppi skogen. Dei laag bundne enno,
men hadde fenge ljos og mat med, so dei
leid ingi naud. Robinson og skipperen hadde
lova at dei skulde faa sleppa lause att um eit
par dagar, dersom dei heldt seg rolege og
bar seg vislegt.v Men freista dei aa røma
skulde dei straks missa livet. Dei lova at
dei skulde halda seg heilt rolege og venta
med tol til dei vart løyste, og dei var takk
same for at dei ikkje fekk det verre. — Tvo
andre av fangarne^ slapp nok for aa liggja
inni hola ; men dei laut liggja bundne enno
so lenge; for skipperen torde kje vera heilt
trygg paa dei heller. Men dei tvo som daa
var att, var so paalitande folk at han vaaga
aa sleppa dei heilt lause, og Robinson - tok
dei med i flokken sin. Men fyrst maatte dei
endaa ein gong lova høgt og dyrt at dei skulde
vera trugne og vaaga liv og blod for honom
og skipperen. Daa var dei i alt sju dugande
mann mot dei ti i baaten. Og var der tri
skikkelege folk millom dei i baaten og — som
skipperen hadde sagt — so var dei sistpaa
berre sju mot sju.
Daa dei kom til lands, sprang heile
flokken upp paa strandi og drog baaten upp
etter seg. Dette var Robinson fælande glad

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free