- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
16

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— l(i —

vitet. So dei ikkje jamt skal vera som lefsor ein
kann klemba paa kva kant ein vil.

Gud velsigne deg, ver trugen! Kannhenda du
fær lleir med deg. .la del kunde henda du fekk
heile ungdoms-flokken med deg. Dei er ikkje so
ille som dei gjer seg til, ungdomane. Men det er
det (lei er so rædde. Rædde for kvarandre!

Like vel kostar det i grunnen minst i
ungdomen, med’ viljen er mjuk. Di eldre eg vert, di
meir merkar eg det kostar aa vera ein kristen.

Ikkje ..alt det ein skal tru". Endaa det kann
vera tungt aa bøygja tanken sin under Guds
tan-kar. Det ser ut som alt gjeng so meiningslaust:
det gjeng godt for deim som gjer vondt! det gjeng
traatt for deim som gjer godt. Me skynar det ikkje.
Me lyt leggja dei tvilande tankane i Jesu Kristi
hender og stava paa abc-leksa han lærde oss: eg
trur paa Gud Fader den almegtuge. Det kostar aa
tru: traass alt som er bakvendt, — i Jesu namn
trur eg at alt stend i Guds fars-hender.

Men det er ikkje det tyngste med trui. Det er
mykje tvngre aa bøygja viljen sin under Guds vilje.
Vera lydug. Serleg i det smaa. I det daglege. Del
feil so tungt for oss nordmenn.

Nordmannen er ikkje so verst til aa taka eit
skipertak ender og gong. Men naar han skal halda
ut og vera trugen dag etter dag, vika etter vika,
aar etter aar, - daa vert han so lett leid av det.

I det religiøse syner det seg med vekkjingane:
eit stormver soin sopar folk med seg i liundradvis,
det er noko det! daa kann nokon kvar umvenda
seg; berre det gjeng fort, so er me ikkje prutne
paa det! Men naar me skal til aa taka upp
kros-sen, det vil segja: taka upp striden mot oss sjølve

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free