- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
15

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mykje. Det er raadlaust setja upp ein regel for
alle; men du kjenner det best sjølv: kva det er
som ikkje toler Jesu heilage augo.

Eg hev mang ein gong grunda paa kva det er
som freistar folk til aa banna. Ein vinn daa ingen
ting paa det. Elles er det vel so med all synd,
anten ein stel eller lyg, er det for vinningen skuld.
.Men kva vinn ein med aa banna eller aa
mis-bruka Guds namn? Eg fekk greida paa det ein
gong tvo ungdomsflokkar møltest. Gutane i den
eine flokken var fraa fyrstundes noko varsame naar
dei rødde med gjentone i den andre flokken; dei
visste ikkje kor langt dei torde tru seg. So var
det ei av gjentone som sa: gudbevars. Daa skulde
de set kor alle gutane vende seg til henne og slepte
seg laus: det var ei støytande staut gjenta det; ho
var kje rædd ho! — Aa kor det freistar ein
ungdom naar han slepp fraa skulen, slepp fraa presten,
slepp fraa far og mor, — aa syna seg kar: her er
guten som ikkje er rædd anten Gud eller Fanden.
Det er so karslegt, inaatru, aa setja i ein eid.

Samværet med kammeratar - der er den store
slagmarki, der himmels og hels magter stridest um
ungdomane vaare. Det er synd paa deim inang ei
venda. Dei meinte det so vel daa dei sa ja: dei
vilde høyra Gud til, dei vilde ikkje høvra djævelen
til. Men naar dei kjem i kammerat-laget, daa
kostar det aa vera tnujen. Det kostar for ein gut aa
segja beint ut til dei hine gutane: eg vil ikkje vera
med paa det som er synd. Eller for ei gjenta aa
skilja lag og segja fraa: eg kann ikkje vera med
dykk naar de ikkje vvrder Guds vilje. Tenk um
me hadde mykje slik ungdom med staal i viljen,
so dei vaaga vera trugne mot Gud, Irugne mot sam-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free