- Project Runeberg -  Bondestudentar /
235

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i Golvet og skjemdest som ein Hund; men det gjekk
ikkje an aa tigja —: »det er merkjelegt«, sagde
han. »Ja, det er forunderlegt«, heldt Pater fram i
si djupe Gleda. »Men so er det: naar Gud fær Tak
paa ei Sjæl, so vert alt annat so ringt og verdlaust;
berre Freden med Gud, berre Ordet fraa honom vil
Sjæli hava, og fær ho det, so hev ho ikkje Lyst til
nokot paa Jordi.« — »Ja, det hev eg kjennt«,
mum-lad Daniel ustødt. –– Pater stod upp og stappad i
Pipa. »Aaja Gud skje Lov og Takk!« sukkad han;
»han veit aa finna oss, og han veit Raad med oss.
Haa! haa! Me gjeng og innbiller oss, at me er so
kloke og vise; men han lærer oss aa sjaa, at all
vaar Visdom er Daarskap, han!« Pater kveikte
Pipa og slog inn i ein annan Tope. »De tenkte altso
paa, at De vilde hava Arbeid, var det ikkje so,
kjære Ven?« sagde han. Jau, dersom der var Raad
til det, svarad Daniel, so vilde han meir enn gjerna.
Pater sette seg att.

»Hm, det er forunderlegt«, sagde han med eit
lognt Smil, »eg hev just ein Post, som kunde høva
for Dykk. Der kann De sjaa! Vaarherre er aldri
raadlaus. Det er ein Huslærarpost upp paa Landet,
i ei fager Bygd; — eg trur ikkje, Posten er
burt-fest. Vil De eg skal høyra etter um det?« Daniel
sagde so mange Takk. »Ja, eg skal gjera det«,
svarad Pater. »Eg ty kjer det er som Vaarherre
sjølv hadde sendt deg . . . Du er just den, eg her
kunde hava Bruk for. H03T, du kjenner Student
Bentsen ?« — »Ja, godt.« — »Det er ein merkjeleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free