- Project Runeberg -  Bondestudentar /
234

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_234_

Han vart bljug som ein Smaagut og kjende, at han i
Grunnen var framand her. Og di meir Pater lagde
ut um den salige Naadestanden og Striden mot Kjøtet
og Freden i Voni um det evige Liv, dess meir
forstod Daniel — at han ikkje var innvend. —

— »Ikkje sannt«, sluttad Pater, »dette er
her-legt og sælt, langt større og rikare enn all den
Stordom og Glans og Gleda, som det verdslege Livet
kann gjeva? Du hev kjennt det? Du hev upplivt
det?« — Daniel totte ikkje, at han, etter det, han
fyrr hadde sagt, kunde svara annat enn ja. »Det
gleder meg!« sagde Pater; »det gleder megl Takka
din Gud for dette, og takka han ikkje minst, fordi
han hev frelst deg i dine Ungdoms Dagar, og frelst
deg fraa aa koma i Lag med dei vantrue!« — Dei
stakkars Folk; Pater hadde so vondt av dei. Dei
var verst mot seg sjølve. Utan Fred, utan Von, utan
Trøyst og Hjelp i Liv elder Daude . . . Hm,
underleg nok —: han hadde just nyleg voret gjestad av
ein av desse Armingarne, ein av dei fraa Frams Klikk,
— rett ein fortapt Son, som hadde prøvt so lengje
han kunde aa metta seg med det Masket, som der var
aa finna; aa, h£tfi jamrad seg so saart yver den
Sjæle-Sott og Hjarte-Ufred, han hadde røynt, so lengje han
vandrad paa dei Vegjer! Men no hadde han søkt
attende til Faderhuset, og no var han so sæl. »Og
tenk —: han var so arm, at han knapt hadde Klæde
paa Kroppen, og kann De gissa, kva han bad um?
Ikkje um Pengar, ikkje um Mat, ikkje um Klæde,
nei; men um ein Bibel!« — Daniel sat med Augo

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free