- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
160

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Wexelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i6o

fyremiddagen: gå itt på kaja! gå heller i kjerka! Slike ord
mintest ungdomen. Soleis hadde aldri nokon bisp nått
inn i ungdomshugen.

#

At Wexelsen hjelpte til å få Blix-salmane innførde i
mange kyrkjer, segjer seg sjølv.

Ei avrøysting um Blix-salmane der i bispedømet lyt
eg fortelja um. Målmenn hadde sendt søknad til
soknepresten um å halda soknemøte til avrøysting um
Blix-salmane. Soknepresten skipa røystingi slik at
kyrkje-tenaren gjekk ikring i kyrkja med ein stor hatt og samla
inn røystesetlar med ja eller nei. Sjølvsagt var det lett å
fuska. Ein av motmennene briska seg etterpå med at
han hadde hivt 8 nei i hatten! Då røystesetlane vart
upptalde i sakristiet, og resultatet var fleirtal av nei,
— peika soknepresten lang nos åt kyrkjetenaren som han
visste var målmann. Det hev kyrkjetenaren sjølv fortalt
meg. «Og presten skulde vera av fin familie!» la han til.
Biskop Wexelsen gav soknepresten «reprimande» for den
keivlege røystemåten, og kravde ny avrøysting på
skik-keleg vis.

Fleire vender, då det hadde vore strid um Blix-salmane
og resultatet gav fleirtal for å få dei innførde, venta
Wexelsen med å godkjenna vedtaket til han personleg vitja
bygdi. Han god-snakka då med folk, heldt foredrag
um salmane, fekk motmennene til å sjå med andre augo,

og godkjende so innføringi munnleg i kyrkja.

#

Eitt arbeid han ofra mykje tid i bispe-åri, var å få
folkehøgskulane i Noreg trygda ved lov. Han var formann
i ei nemnd som skulde koma med framlegg til lov for dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free