- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
159

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Wexelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

159

Det var loddrett lygn. Men lygni gjekk millom Wexelsens
politiske motstandarar landet rundt.

Wexelsen var ein talar av rang. Han åtte både
hjarte-lag og vet, humor og varme. I eit politisk foredrag i 1891
um unions-saki fekk han folk godt med seg då han sa:
«Det er sant det høire sier om oss at egen norsk
utenriksminister er et nytt krav, som vi nylig har reist. Men jeg
får si som svensken: vad kan jag för at jag blir klokare
for varje dag?»

*



Elles var det ei lukka for Wexelsen at han i 1903
kom laus frå politikken.

Det var slåande sant det presten Hannibal Stabell sa
til meg i 1906: «Gud vilde være god mot Wexelsen,
derfor lot han ham bli biskop.»

I det store og heile vart Wexelsen godt motteken i
Nidaros bispedøme. Ein vyrdeleg prost på Nordmøre
sa til meg: «Jeg beundrer biskop Wexelsen. Han er så
frisinnet at han gir vitenskapen sin rett til å granske.

Men samtidig står han urokkelig fast på troens grunn.»

#

Dei tri fire åri han var biskop, vil lenge minnast.

Han gjekk i fleire måtar i biskop Heuchs fotefar:
han preika sjølv ved visitasane, og han heldt kyrkjelege
foredrag. Det var noko nytt som bispane fyrr aldri hadde
gjort.

Dessutan heldt Wexelsen foredrag i ungdomslagi.
Han rekna det for ein lut av bispevisitasen.

Han kunde tala for ungdomen i Trøndelag. Han råka
tidt blinken — som når han sa i Kristiansund um sundags-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free