- Project Runeberg -  Forteljingar /
151

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 151

andlite, og ho tok til aa fortelja um den tidi ho var
ung. Sigri totte det var trøysamt aa lya paa henne,
og ho gjorde seg endaa so uvand til slut, at ho gjekk
ned i hytta til gamle Turi, naar det vart altfor
dauvlegt heime paa garden. Ho kunde sitja der
lange stunderne og drikka svart kaffi, medan Turi
fortalde sogorne sine og kvad gamle elskhugsvisor.

— — Det var ein dag, nokre vikor paa vetren,
at det var meir en vanleg vondt for Sigri. Mannen
hadde vore burte i fleire dagar, og dei gamle var
mylne og gretne, av di arbeide ikkje gjekk som det
burde. Dessutan fekk ho høyra, at det var hennar
skuld, at mannen ikkje heldt seg meire heime. Det
var greitt det, at naar han ingen hugnad fann hjaa
kona si, so søkte han ut ...

Ho gjekk og dreiv i dei tome stovorne, att og
fram. Sette seg so til aa lesa, men kunde ikkje
samla tankarne. Freista med noko handarbeid, men
det vilde helder ikkje gaa. Hugsotti saug for bringa
og dreiv henne upp att, fraa rom til rom. Ho maatte
hava einkvar aa røa med og tru seg til, elles so
miste ho vite.

Ho tok paa seg og gjekk nedyver mot «Turi-
hytta». Det var kaldt, og snjoen laag yver markerne;
men daa det nyss hadde vore linnver, stod skogen
myrk burtetter dalen, so langt augo kunde naa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free