- Project Runeberg -  Forteljingar /
119

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TORGRIM OG EG 119

Han spurde elles um so mykje, og eg freista
svara paa alt. Men til meir eg tenkte yver det, til
meir flokut vart alt for meg. Spursmaali hans gav
meg ikkje fred korkje natt elder dag. Eg kunde til
slut ikkje lata vera aa tenkja, at han aldri hadde
gjort meg so mykje vondt som no han vekte alle
dei stygge tvil. Han tvila ikkje, han trudde berg-
fast paa kvart eit ord; naar han grov og spurde, var
det for di han lengta so etter himmelen, at han
maatte hava greia paa, korleis alt var der.

Mine tankar tulla seg meir og meir burt i
skoddi. Eg spurde meg sjølv seint og tidleg, um
det er rettferd i dette, at dei som hev synda mest
skal verta fri alle synderne sine og all straff som
skal fylgja med, medan «bra» folk, som hev stræva
all si tid med aa halda Guds lov, skal pinast i all
æva, berre av di at dei ikkje kan verta «gripne»?

Eg laag og vrei meg i mine tvil um næterne,
og bad hjarteleg til Gud, at han vilde gjera meg til
ein audmjuk mann, fri meg fraa all ovund, so eg
kunde gleda meg saman med hans englar, naar ein
syndar vende um fraa sine ville vegar.

Men Gud bære meg, tvilen berre voks, og eg
vart huglaus og trøytt.

— — Ein morgo eg kom ned og skulde lesa
for honom, var han slokna. Ingebjørg tok bleia av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free