- Project Runeberg -  Forteljingar /
96

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96 VETLE VISLIE

— Me lyt etter doktaren daa, dersom du ikkje
vert betre i morgo.

— Nei, det er ikkje raad til det no i verste vaar-
vinna, sa ho. Og elles trur eg ikkje paa doktaren . . er
det so laga, at eg skal døy, hjelper nok ingen doktar.

Den dagen gjekk og den næste; men ho vart
berre laakare, — til slut orka ho ikkje aa risa upp
utan hjelp. Haavard gjekk daa burt til Haukaas,
der Tone, syster hans, budde, og bad henne koma
og hjelpa dei med barne og matlage, so lenge
Dagny var sjuk.

Daa ho kom til Venalid, var Haavard ferdug til
aa rida av garde. Hesten stod sala utanfor bislage,
og han sjølv stod ferdaklædd innmed sengi og heldt
henne Dagny i handi. Ho bad honom so, at han
ikkje vilde bry seg med aa henta doktaren. — Eg
vert snart frisk att, dersom det er Guds vilje, at eg
skal koma paa føterne att ..... det er berre kostnaden.

— Eg tregar so paa, at me ikkje hev søkt raad
longe sidan, sa han. Næst fyre jol vart du med ein
gong som eit anna menneskje ... det maa vera
eitkvart i vegen med deg!

— Eg hev ikkje kjent meg vidare sjuk, sa ho.
Berre so trøytt og tung. Du tarv aldri bry deg med
doktaren.

— Doktaren skal hit, dersom han er aa faa tak i!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free