- Project Runeberg -  Forteljingar /
90

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90 VETLE VISLIE

Um morgoen fann dei baade mann og hest
liggjande daude nedi ei fæl røys under eit høgt
berg. Hesten hadde ikkje svinga fort nok, sleden
slonge utfyre, og hadde drege hesten med seg.

Men etter den dagen treivst ikkje Steinar meir.
Han heldt seg mest heime, og um dei ein henda
gong fekk honom med i drikkelag, var det uraad
aa faa honom til aa drikka.

Han klaga seg aldri for nokon, og ingen torde
spyrja honom. Dei visste at han sytte broren, meir
en han sjølv kunde fortelja, og at han skjemdest
av di han hadde banka honom upp. Han folna reint
burt, og vart til slut so veik, at han inkje kunde
arbeida vidare.

Ein morgo han vakna, tala han soleis til kona si:

«No er eg feig, Gurol»

«Du skal daa ikkje røa so stygt, Steinar!» sa ho.

«Jau, no er eg feig,» sa han. «I natt høyrde eg
’n Knut braaka utanfor. Dei fær vel ikkje fred
for ’n der helder!»

Han lo lognt, endaa han hadde slik ein bringeverk.

«Vaarherre hev gøymt *n, lyt me vona,» sa ho.

«Nei,» sa han. «Han gjeng a laus enno. Eg
lyt av og halda styr paa ”nl»

Same dagen døydde han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free