- Project Runeberg -  Forteljingar /
86

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86 VETLE VISLIE

til tunna var tom, — daa tok dei til aa rangla fraa
gard til gard, heiande og hujande. Og Gud bære
den som ikkje tok vel imot dei, naar dei kom til
gards! — Paa Tveitan, ei jol skreie kom der,
læste mannen att døri, so dei ikkje kunde koma
inn. Dette totte dei var det mest skamærlege, dei
hadde set. So fann dei fram vaager og jarnstaurar,
letta holsteinarne unda det minste huse paa
garden, vrikla og vreid det inn paa ein langslede,
og rende det so utfyre den brattaste bakken, so det
ikkje stana, fyrr det stod ned paa aalmannvegen !

— So var det noko fyre jol, det var dans paa
Møyhus. Mange var komne isaman, og sume hadde
fenge heim jolebrennevine sit, so dei alt var gode
og fulle, daa dei kom til gards. Dei drakk brennevin
som vatn i dei tider, — dei drakk som dei hadde
fyreloga, og ingen var noko til kar, fyrr han hadde
«sprengt» seg i eit tungt rus.

Knut var komen køyrande til gards — han var
timberkøyrar den vetren — og var som vanleg full
og forgremd. Han fekk meir og meir brennevin, og
til slut vart han reint ravgalen. Midt i ein dans
treiv han ein stor hamar som laag paa aaren,
svinga ”n vildt yver hovude og banna og skreik som
ein tyrk. Kararne stod og krøkte seg i krærne,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free