- Project Runeberg -  Forteljingar /
34

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34 VETLE VISLIE

«Vil du hava meg?» sa Grylte. «Aldri,» sa gjenta.
«Ikkje um du var forgyllt, sa ho. — «So tek eg
deg, gjer eg!» sa han. — «Det skal me nappast um,
det,» svara ho, og so sette ho til sprangs yver stein og
stuv. Men han hadde mange hjelpesmenner, styggen;
han kalla paa skogen, paa steinarne og dei store
urer, paa skodd og eim og all slag helvitesdom. Ja,
han gjorde ein trollring kring henne, so ho sprang
i ring og i ring .... Men krinsen vart mindre og
mindre, — til slut stod ho plent som skorsett
framfyre eit svart berg, og so kom Grylte Avdyrke.

Men korleis gjenta skulde koma or klørne hans,
visste ikkje Aslaug, og det fekk ho aldri vita helder,
for no var maanen komen upp yver fjelle og lyste
yver heile vestre sida av dalen. No skyna ho, at ho
var reint or leii komi, og at det ikkje var anna aa
gjera en aa snu att; men daa ho hadde funne ein
veg som ho tenkte bar attende, kjende ho seg ikkje
att der helder, og so gjekk ho plent paa eit raam,
for ho tenkte som sant var, at ein stad i verdi
maatte ho daa koma av.

Ho gjekk langt og lenge, — til slut stana ho
framfyre ein løk med ei tjønn i eine enden. Gjenom
eimen som steig upp fraa tjønni, skila ho i maane-
ljose ein gard, som ho var viss paa ho ikkje kjende.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free