- Project Runeberg -  Forteljingar /
12

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

jo VETLE VISLIE

... hoppa so ut i vatne og hekk i bakenden av
praamen, til han fekk rigla honom laus. Men djupt
var det, og det var kje so endetil aa koma uppi att,
og vatne var søkkjande kaldt . ..

Um morgoen kunde han ikkje risa upp, og sidan
hadde han vorte sjukare og sjukare . .. dette vart
vel dauden . .. kanskje. — Nei, det var daa ikkje
rimelegt. Han var sterk endaa. Han vilde liva og
gjera det godt att. Men segja fraa, staa det til .... nei.

Den sjuke seig inn i ein uroleg svevn. Han
drøymde um eit fælt dyr, som klemde honom og
saug blode av honom.

— Hermod, er det noko du vil?

— Nei.

— Du skreik so. Drøymde du stygt?

— Ja, eg gjorde visst det. Her er so myrkt.

— Hjarte Hermod — ljose brenn. — Ho var
mest paa graaten. So fann ho fram nokre tyrifliser,
og snart loga elden paa gruva. — Aasne gjekk burt
aat sengl.

— Vil du me skal henta presten?

— Nei, nei, ikkje presten, ikkje . . .

— Hev du noko du vil staa til for honom . ..
kanskje det kunde letna litt for deg? — Han snudde
seg burt og sa: «Eg hev ikkje gjort noko vondt ...
det eg veit av.»

as”

an pr

AEE bk >

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free