- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
419

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

NOKRE ETTERORD
Ser ein attende yver dei meir enn halv
hundrad år me har havt den frilyndte ung
domsrørsla i Norig og dei 25 år landssam
skipnaden har stade, strøymer det på ein ei
varm takksemd mot alle dei kvinnor og men
ner som har ytt so mykje offerviljugt, sjølv
gløymande arbeid for ungdomen i landet vårt.
Og ein fær stor vyrdnad for det kulturarbeid
som den frilyndte ungdomsrørsla har gjort i
samfundslivet vårt.
Fyrst og fremst hjå kvar einskild ungdom,
gut eller gjente, som har vore med i eit ung
domslag. Det har gjeve kveik og nøring til
Olav Midttun.
åndslivet hjå dei og vekt deira sans for høgre hugmål og eit finare, reinare
ungdomsliv. Det har stetta trongen hjå dei til å koma saman til hugnad i
arbeid og fest og har lært dei å hyggja seg på sømeleg vis. Det har lagt
vigsel yver ungdomstidi, har auka samfundskjensla og samhjelpstanken hjå
dei, og lært dei å vera med i lagsarbeid, i ordskifte og styring, og fyrebutt
dei for samfundsarbeidet. Det har gjeve mange øving i å tala og skriva,
har lært dei å leika og spela teater og vekt sans for nasjonal kunst.
Gjenom ungdomslagi er det spreidt ein overlag stor sum kunnskap,
med foredrag, upplesing og boksamlingar, serleg slik livskunnskap som
trengst i det offentlege livet og som har vore aktuell i åndslivet vårt.
Ungdomslagi har vore ei åndeleg uppkome i bygdene. Dei har og vore
ei vid arbeidsmark for alle dei kulturelt interessera lærarar og andre ung
domar og gjeve utløysing for deira trong til samfundsarbeid. Ungdoms
lagi har gjeve songbotn for mange av diktarane våre, og reist talarstolar
for dei beste åndsmenner i landet der dei kunde så sine riktberande frø
Og ungdomslagi har sjølv reist skular og blad og hjelpt mange fram til
større upplysning.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0429.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free