- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
84

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84
vår. Me strider for grunnlaget for det nasjonale livet og for livsvilkåret
for folket
Sume kjem til oss og segjer: «De arbeider for «målet hennar mor».
Kunde de ikkje heller gjera noko for dei fatige!» Ja, so um lag sa Judas
Iskariot og i ei noko liknande stode, då nye ting var i gjerdom. Han fekk
det svaret: «Dei fatige hev de alltid hjå dykk; men meg hev de ikkje
alltid.» Det vil segja i vår samanheng: Um me fekk framandstyre på nytt
her i landet, so hadde me likevel godt høve til å hjelpa dei fatige. Dei
vart det ikkje færre av, det karm me vera støe på. Men det var ikkje sagt
me fekk høve til å arbeida for Norigs nasjonale atterreising. Det høvet hev
me no, ingen veit um me fær det sidan, dersom ikkje arbeidet no vert gjort.
Og um me mang ein gong synest det går smått og trått, so misser me
ikkje modet for det. Anten me er mange eller få, me held ut. Me veit og
svært godt, at det er ikkje fleirtalet som rår eller stakar upp framtidi, men
fleirtalet av dei som hev ein energisk politisk vilje i kvar sak; og det karm
godt vera eit mindretal, ofte eit lite mindretal. Då independentane styrde i
England, var dei 10 °/o av folketalet. Kvifor hadde dei so makti? Av di
dei var fleirtalet av dei som hadde ein energisk politisk vilje. Då dei kristne
tok makti i Romarriket, var dei berre 25 °/o av folketalet. Og løyndomen
var den same: Desse 25 °/o var fleirtalet av dei som vilde noko og sette
kraft inn i arbeidet. Likesæla og daudkjøtet rår aldri — og bør heller aldri rå.
I arbeidet med å reisa landet på alle leider: nasjonalt, økonomisk og
i forsvarsevne, legg me oss alle mann hardt i selen, kvar mann i sitt livs
yrke. Her er sanneleg arbeidsmark nok for alle. Når me so alle saman,
kvar i sitt livsyrke, gjer vårt beste, so er det ikkje berre for den arme føda,
men me gjer vår skyldnad for folket og landet si skuld. 1 skuledagane
kjende eg ein gut, som var nokre år eldre enn eg. Eg kom innum gar
den hans for eit par år sidan. Han synte meg ikring på garden, so eg fekk
sjå alle ækrone han hadde brote upp og lagt inn, og so sa han: «Når eg
um ei tid let garden ifrå meg til dei tvo gutane, skal dei få kvar sin likso
gode gard som den eg tok imot av far » Han gledde seg yver dette, for
di han visste med seg sjølv, at han hadde gjort gagnsverk for folk og land.
Det er å ha idealet bak yrket. Det gjev livet innhald, so det vert korkje
tid eller høve til å spyrja: Er livet verdt å leva? Soleis er det at hug
målet adlar mannen.
På sumarstemnone våre skal ungdomen få kveikjing og hugstyrkjing. so
han karm reisa heimatt med ny kraft til å taka på med arbeidet, til gagn
og glede for seg sjølv for folket sitt, for bygdi og landet.
N. GJELSVIK

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free