- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
3

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3
kunde reisa seg i eldhug naar han fekk høyra dei store nasjonale spursmåla
utgreidde, og fylgja med i timelange foredrag og ordskifte um dei brennande
samfundsspursmåla som etter kvart melde seg.
Med dette var vegen lagd um for ideell bondeungdom. Han trong
ikkje lenger søkja ut i myrkekrærne. Han hadde no funne saker å ofra
seg for, som han frelst og fritt våga å setja upp imot den offentlege
meininga i tida. Han hadde fått hugmål som gav samvitsfred, fritt puste
rom og arbeidsglede, endå um dei ikkje høyrde inn under «det ene for
nødne».
Dei som hadde fått den nye ånd i seg kjende trong til å søkja lag
so dei kunde hjelpa og elda kvarandre upp. Dei skipa ungdomslag, leselag,
samtalelag, ordskiftelag osb. Vi finn lagsskiping av ymse former frå denne
fyrste tida. Fyremålet var å finna former for samvære i venelag, der noko
kunde vera å høyra, noko å læra, noko å arbeida for. Utanum dette
freista dei kvar for seg aa stetta vitetrongen sin med nyttig lesnad, helst
soga. Soleis var vilkåra for den frilyndte ungdomsrørsla, og soleis voks ho
fram frå fyrst av. — Det er sjølvsagt at ikkje all bondeungdomen kom
med. Alle er ikkje komne med endaa. Mange går framleis sine gamle
vegar som fyrr dei gjorde. Og dette er ikkje ein liten flokk heller. Ofte
legg den gamle ånda seg som avåt over dei frilyndte ungdomslaga. Til
sine tider kan dei liggja reint under for den gamle villskapen, med dans og
drykk — eller med myrk og tung religiøsitet.
Frå utheimen har vi fleire døme på at det i farlege stunder for fedre
landet vert appelera til landsens ungdom. Soleis voks det i Tyskland fram
ei mengd patriotiske «Jugendvereine» fyre og under fridomskrigane 1813 — 14.
Uppøving i våpenbruk og uppgløding av folket til å bera dei store
tyngslone som ei reising førde med seg var her hovudfyremålet. Liknande skip
nader finn vi i Frankrike under den store revolusjonen, i Italia under
samlingskrigane. Men desse ungdomsrørslone var skapa av krigsstoda for
dagen og hadde uppbyding av landsens ungdom til forsvar til hovudfyremaal,
eller einaste fyremål. Og fall burt so snart fåren var over. Noko av
dette var med ogso i ungdomsrørsla her heime. Den friviljuge skyttar
rørsla og den frilyndte ungdomsrørsla gjekk lenge hand i hand. Dei greina
seg i åra 1880—83 i tvo sjølvstendige rørslor med kvar sin sjølvstendige
samskipnad Ungdomsrørsla heldt fram med upplysningsarbeid til einaste
fyremål.
Den frilyndte ungdomsrørsla i Norig er med dette eit sersyn. Ikkje noko
anna land har noko heilt ut tilsvarande. Einast i Finnland hadde dei fyre
krigen ein nokolunde tilsvarande ungdomssamskipnad, som truleg gjorde
mykje til å halda uppe finnlandsk mål og finnlandsk kultur under russe

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free