- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
212

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - VI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 212 -

stødt hjaa Semjon og arbeidde som vanleg. Det
lyddest no vidt og breidt at ingen kunne sauma
eit par styvlar so fint og sterkt som sveinen
Mikael hjaa Semjon, og der kom folk langande veg
og tinga styvlar hjaa Semjon, so han tok alt til
aa verta ein vælhalden mann.

Ein vinterdag Semjon og Mikael sat arbeidde
paa det beste, høyrde dei bjøllelaat ute, og ei
tilpakka siedevogn med tri hestar fyre kom kj
øyrande. Semjon og kona hans saag utgjenom
glaset, og det viste seg at sledevogni stansa utfor
døri. Ein ung kjøyrekar spratt ned av bukken
og opna vogndøri. Ein pelsklædd herremann
steig ut og kom upp troppi. Matrøna skunda
seg burt og slo døri paa vidan vegg.
Herremannen maatte luta seg for aa koma inn døri,
og daa han var komen væl inn og rette seg
iveret, naadde han mest radt til loftet og fylte
heile den eine kraai av romet.

Semjon reiste seg, bøygde seg djupt for
herremannen og var heilt forbina over aa sjaa
han. Han hadde aldri fyrr set slikt folk. Sjølv
var han mager og avpela, Mikael var tunn og
naasleg, og Matrøna var berre skinn og bein;
men denne! Det var som eit menneskje fraa ei
onnor verd; posen og raud var han i ansigtet,
halsen som paa ein stut, og heile karen som
støypt i jarn.

Daa herremannen hadde umraadt seg litt og
fenge av seg pelsen, sette han seg paa benken og sa :

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free