- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
208

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - IV

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 208 -—

Daa Matrøna høyrde dette, saag ho enno ein
gong paa framandkaren, og harmen var som
blaa-sen av henne. Ho gjekk burt til omnen etter
kveldsmaten, fylte ei skaal med kvass, bar kniv
og skjei fram, og la braudskalken paa bordet.

— Naa, et no, sa ho.

— Set du deg her i kroken, kamerat! sa
Semjon, reiste paa seg og gjorde rom aat
framandkaren. Skar so braudet i smaa bitar, lét det i
skaali, og dei gav seg til aa eta.

Imedan sat Matrøna ved bordsenden med
handi under kinni og saag paa framandmannen.
Ho totte synd um han og fekk godhug for han.
Best det var livna framandkaren upp; det hyrpte
kje lenger um munnen, han gløste burt paa
Matrøna og smilte.

Daa dei hadde ete, tok Matrøna av bordet
og spurde framandkaren:

— Kvar er du so ifraa ?

— Ikkje her fraa grensom.

— Men kor bar det til at du sat der ved
kyrkja?

— Det kan eg ikkje seia.

— Kven hev plundra deg daa?

— Det er Gud som hev tukta meg.

— Og du laag der naken og hadde kje
klædetraad paa deg?

— Ja, eg laag der naken og stivfrosen av
kulde. Daa kom Semjon og vart meg var; han
totte synd um meg, tok kaapa av seg til meg,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free