- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
206

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 206 -

— Det er rett sætande kva ein full mann
seier! Mor hadde rett daa ho ikkje vilde at eg
skulde gifta meg med deg. Lereftet som ho gav
meg drakk du upp; pengarne du skulde kjøpa
pels for drakk du upp . . .

Semjon vilde retleida kona si um at han berre
hadde drukke upp tjuge kopek, vilde fortelja
henne kvar han hadde funne den unge mannen;
men han fekk ikkje ord for seg. Munnen gjekk
paa henne i eit vekk, og der var ikkje den ting
ho ikkje trakte i han, like til slikt som var hendt
for ti aar sidan.

Ho var enno ikkje ferdig paa langt nær,
daa ein ikkje visste ord av fyrr ho for burt til
Semjon og treiv han i ærmi.

— Kom med kufta! ropte ho. — Det
einaste plagget eg hadde kunne du ta fraa meg og
lata meg gaa naki. Jau du er ein herleg kar!
Kom med henne, seier eg, elles skal eg gi deg!

Semjon gav seg til aa draga kufta av seg,
og foret i den eine ærmi kom daa til aa snu ut.
Matrøna treiv i trøya so det rimna etter saumen,
drog ho til seg, slengde ho over hovudet og
strauk mot døri. Ho tok i klinka og skulde til
aa gaa, daa ho ævde seg um og vart standande.
Ho var fælt uppøst; harmen maatte faa luft,
men — ho maatte og faa greide paa kven denne
framandkaren var.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free