- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
173

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 173 —

Fyrste gjenta. Nei, mor sa, at ho gifter seg
nok ikkje med sin gode vilje. Det er stykfar
hennar som tvingar henne til det; elles hadde ho
aldri gjort det. Det er daa kjent nok kva dei
hev sagt um henne.

(Marina kjem).

Marina. Godag, gode smaagjentor!

Baae. Godag, vesle faster!

Marina. Skal de med til bryllaups, baan?

Fyrste gjenta. Nei, det er visst snart slutt.
Me vilde berre sjaa litt paa stasen.

Marina. Aa, bed gamlen min, Semjon fraa
Sujev, koma ut. De kjenner han vei?

Fyrste gjenta. Ja, det trur eg. Han er i
skylde med brudgomen ?

Marina. Javisst, han er fabror hans.

A?idre gjenta. Kvi gjeng du kje inn sjølv
daa ? koma til bryllaups, og so ikkje vera med
inn . . .

Marina. Eg hev ingen hug, og ikkje kan
eg helder, for det er paa tide me kjem oss
avgarde. Me hadde slett ikkje tenkt aa fara til
bryllaups; men me skulde til byen med havre.
Paa vegen stansa me her og ykta hestarne, og so
var det at dei fekk tak i gamlingen.

Fyrste gjenta. Kven tok de inn hjaa? Var
det hjaa Fjodoritsch ?

Marina. Ja rett. No, smaagjente, so vert
eg her daa, med’ du gjeng inn og fær tak i
gamlingen. Seg berre: «Marina, kona di, seier de

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free