- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
163

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 163 -—

Anisja. Ja, her er det (gjeng).

Mitritsch. Det var godt. Elles kunne eg
gjerne ha gjeve henne mitt. Aa, Herre Jesus!

Anjutka (spring upp, og skjelv over all sin kropp).
Aa, bestefar! sov ikkje! For Guds skuld! Det er
so fælt!

Mitritsch. Naa, kva er det?

Anjutka. Eg trur plent det døyr. Mosyster
Arina fekk og eit lite som bestemor døypte; det
med døydde.

Mitritsch. Døyr det so vert det nok jorda.
Kva er det so meir?

Anjutka. Men eg trur ikkje det døydde um
ikkje Matrøna var der. Eg høyrde nok kva ho
sa; misann!

Mitritsch. Kva høyrde du? Vil du no berre
sjaa til og sova, seier eg! Smett hovudet
nedunder aaklædet, og lat so det vera godt.

Anjutka. Fekk det liva, so skulde eg visst
stella med det!

Mitritsch. Aa Herre Jesus!

Anjutka. Kvar gjer dei so av det ?

Mitritsch. Det kjem nok dit det skal; syt
ikkje. Sov no berre, seier eg. No kjem mor di
strakst, — ho skal gi deg, kan du tru!

Anjutka (etter ei togn). Den vesle gjenta du
fortalde um nyst, henne slo dei daa ikkje ihel?

Mitritsch. Naa, ho? Nei, ho kom godt fram.

Anjutka. Kor var det so, bestefar, du
fortalde at de fann henne?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free