- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
143

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 143 —

Malanja. Kva slag? Det er daa skamlaust!
men trulovarane kjem daa vei etter det.

Aksinja. Kor skal dei det? Dei er daa fulle
alle saman. Det er no elles helst arven dei
renner etter. Tausi hev henderne fulle. Tenk berre!
tvo pelsar, seks stakkar med lystykk, eit fransk
plagg, heile rullar med lereft og tvo hundrad i
reide pengar.

Malanja. No ja, dei pengarne skal ikkje
gjera mange glade. Det er daa synd og skam . .

Aksinja. Tyss! der kjem nok far til
brud-glimen (dei dreg seg undan).

Fjodor (kjem ut i gangen paa stova. Han hikkar og
er tung i mælet). Uff, kor eg sveittar! Slik ein hite
der inne! Ein maa ut og svala seg. (Stend og pustar,
med’ han turkar seg med lummeduken). Eg Veit ikkje kor
det er laga, men eg er ikkje vidare glad over
denne tilburden. Men lat oss no høyra kva mor
seier . . .

Matrona (fraa stova). Eg gjeng der inne og
leitar etter trulovaren, og so er han her, kjære
venen! No, Gudskje lov! alt er no i godt gjenge.
Friarleik er ingen baaneleik. Men so hev me no
trakka baaneskorne vaare, veit eg, og tek tingen
med aalvor. De kom her i ein god meining, og
med Guds hjelp skal de nok helder ikkje faa grunn
til aa trega det. Og brudi — er det kanskje ikkje
ei sjeldsynt gjente? Eg lovar paa der bid ikkje
maken i heile bygdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free