- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
124

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jau visst! Fyll du mjøl i ei kasse, og tak so av
det kvar dag, og sjaa so kva der vert att i kassa.
Allesaman! Nei det kan ikkje gaa rett til.
Sjaa du til aa faa greie paa tingen, so dei ikkje
narrar deg. Allesaman! Du tek og tek, og dei
er der likevæl allesaman ?

Anisja. Ja, eg forstend meg ikkje noko paa
det. Det var Ivan Moséitsch som raadde oss til
aa stella oss paa den maaten. «Legg de
pengarne i banken,» sa han, «der er dei trygge,
og so kan de berre taka renterne.»

Mitritsck (som no er ferdig med aatnaden). Det er
eit sant ord. Soleis var det og med kjøpmannen
der eg tente. Dei folk ber seg altid eins aat:
Pengarne i banken, og so kan du sjølv leggja deg
paa latsida, og hev ikkje anna aa gjera en aa
taka inn det du fær for kvar aarsbolk.

Akim. Det var daa noko løglegt. Taka inn.
Eg skal berre taka inn; men kven skal dei so
taka det fraa, dei som gjev meg pengarne?

Anisja. Pengarne fær ein i banken.

Mitritsck. Kva for ein smed ? Men det er
sant, kor skal vei eit kvinfolk forstaa seg paa
slikt? Nei høyr du helder paa meg, Akim, so
skal eg greia tingen ut for deg. Ser du. Lat
oss seia at du hev pengarne liggjande, og eg hev
vaaren i vente; men jordi ligg brak, eg hev ikkje
saakonn, elder eg skal bruka pengarne til avgifter.
So kjem eg til deg og seier: «Akim, laan meg
ti rublar til ut paa hausten. So snart eg fær

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free