- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
110

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- I IO —

døtrar, lat oss seia, ei med den fyrste kona og ei
med den siste. Set no at denne same bonden
døyr; kan so ein framand bonde gifta seg med
enkja og taka garden soleis, at han hev rett til
aa verta ved garden naar han gifter døtrerne
burt? — «Ja,» seier han, «det kan nok lata seg
gjera naar ein tek det paa rette maaten, og ein
ikkje sparer paa pengarne; men utan pengar,»
seier han, «er det ikkje aa kaga paa.»

Nikita (lær). Nei, det er visst nok! Slike skal
ha pengar for kvart skrev dei tek. Alle treng me
pengar.

Matrøna. No, far, eg sa han daa so som
det er. «Fyrst og fremst,» seier han, «maa sonen
din skriva seg inn i den landsbyen, og det kostar
pengar,» seier’han, «for du veit nok,» seier han,
«at dei eldste maa ha noko aa drikka naar dei
skriv under. Alting,» seier han, «maa gjerast med
forstand.» Her skal du sjaa (tek eit papir fram or eit
plagg). Les no kva han hev skrive. Eg veit,
du forstend deg paa dei ting.

Nikita. Dette er greidt nok. Det er berre
eit brev paa at eg hev lov til aa lata meg flutta,
Der er ingi bein i det.

Matrøna. Nei, men høyr no vidare kor han
hev fyreskrive oss kor me skal bera oss aat.
«Framfor alt, mor,» seier han, «maa kona gjæta
paa at pengarne ikkje gjeng henne av hand. Fær
ho ikkje tak i pengarne,» seier han, «fær ho helder
ikkje lov til aa taka ein mann paa garden. Pen-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free