- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
81

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 87i —

Nikita. Giv eg maatte søkkja i jordi um eg
forstend eit ord av dette!

Akim. Tingen er, hev du havt dumskap
fyre med gjenta, dumskap, som ein seier; hev
du havt dumskap fyre med henne ?

Nikita. Eg hev havt so mangt fyre. Kva
tausi vedkjem, so hev eg fjasa litt med ho av
og til. Naar eg tok munspelet, so dansa ho
medan eg spela; men kva vondt var det so
i det?

Peter. Kom no berre ikkje med maafaasnakk,
Nikita; men svar far din som det seg sømer.

Akim (høgtidsamt). Nikita! Du kan gjøyma
deg for menneskja, men ikkje for Vaarherre. Kom
ihug det, Nikita, og kom so ikkje med lygn.
Gjenta hev korkje far elder mor, og so tenkjer
du det kvittar eitt um ho lid urett: ho hev daa
korkje far elder mor. Nei seg du helder sant,
det er mykje betre.

Nikita. Ja, kva er der til aa seia? Eg seier
som sant er. Det heile er ingen ting (meir og
meir heit). Ho kan seia so mangt. Kvi seier
ho ikkje noko um Fedka? Paa den maaten hev
ein altso ikkje lov til aa fjasa litt med ein
gjent-unge no til dags. Lat ho berre seia det ho vil.

Akim. Aa kjære Nikita, pass paa: Sanningi
kjem eingong fram. LIev der vore noko millom
dykk elder ei ?

Nikita (avsides). Han gjev seg ikkje! (høgt)

Leo Tolstoi.

6

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free