- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
207

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

soleis var det te hugnad for di aasyn!“ Og han gledde
seg i aanden, staar det.

Eg vil ikkje vaage meg te aa leggje ut desse merke-
lege orda hans — dersom det ikkje er det dei fortel oss,
at vi alle maa kjenne oss som „smaafolk* og „umyndige*,
dersom vi skal faa tak i „visdomen aat Gud*.

Men det er ikkje greidt vera smaafolk heller, naar
dei store og kloke slæst um kva som er kristendom.
Spør du tie menneskje kan du faa tie svar, men ikkje
eitt er likt det andre. Jau, i ein ting: Dei talar alle um

alt vi skal gjera, men ingen um alt Gud og hans aand
gjer og har gjort for oss arme sælingar. Minst nie taa
tie gløymer aa gje Gud takken og æra. Og so biir gieda
vaar der etter.

Jesus segjer no ikkje kristendom — det var grækar-
kyrkjelyden uppi Antiokia som fyrst tok det ordet i bruk.
Nei, han talar um Himmelriket, der han er konge —
og um aa koma inn der. Dette er kristendomen for honom.

Og det maa — etter hans eigne ord — vera noko
reint over all maate veldigt stort aa faa bli borgar der.
Dette er den dyre perla, segjer han, som vi gjerne kan
selja alt vi har for aa faa fat i — og um handa eller
auga ditt hindrar deg her, so hogg ho av deg og riv det

ut––-ja han talar i slike glødande ordlag og med slik

ein veldig brennhug um dette nye riket sitt, so han sume

tider mest skræmer oss, veike smaafolk som vi er–––-

det er klaart aa sjaa at her gjeld det livet for oss. Aa
bli utestengd her, som dei fem jomfruene vart, og den
late tenaren som grov pundet sitt ned i jorda, det er
ulykka over alle ulykkor for eit menneskjebarn. Og
herlegdomen aat dette riket, den er so stor at han finn
ikkje ord sterke nok te aa skildre det — alle Austerlands-
bilete bleiknar — dei siær ikkje til! „Kva skal eg likne
det med?“ spør han. „Det er likt — det er likt — det
er likt“–––Og so kjem den eine herlege forteljinga

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free