- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
165

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SOGA UM LARS FLUG*)

Lars Flug er fødd den 12te september og vart døypt
tri vikor etter. Han voks upp paa vanleg vis, og alt gjekk
som det skulde. Det beste han visste var lefseklining
med sukker paa; og det verste han visste var ris. Likevel
fekk han mest taa det siste; dette var det einaste her i
verda som han Lars syntes ikkje var som det skulde.

Sume sa han vart ein faaming. Han gjekk der og
glyrde med dessa tvo smaa griseaugo sine og saag ut som
han log aat alle ting. Spurde dei kva han tenkte paa, so
sa han: „Ja-ja du — det er ikkje verre ti di;a eller:

„Aa ja — d’ var no so det daa.“ Men andre meinte han
var ein siøg fant og klokare enn nokon visste.

At folk kunde tru slikt kom seg helst taa di at Lars
Flug var son hans Jo Flug. For Jo Flug var ein gamal
riking som i mange Herrens aar hadde styrt bygda berre
med aa tegja og segja „hm—hm!“ Og det var ikkje

rimelegt at ein slik mann kunde ha ein stakkar te son —
vart det sagt — aller helst daa denne sonen var den
einaste han hadde. Men ingen vart retteleg klok paa han
Lars; og so fekk daa kvar tru det dei vilde.

*) Denne soga kom for 45 aar sidan i ei lita bok som „Det norske
samlaget’1 gav ut; — utan forfattarmerke. Det er ei sjæleskildring,
um ein norsk aaskefis som nok ikkje „vann prinsessau, men
likevel vann aa bli adelsmann til botnar. Eg har fortalt denne
soga aat ungdomen so ofte, at eg kan ho mest utanboks. Ho
er for god te aa bli gløymd; difor kjem ho her.

A. A.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free