- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
143

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

djupt ho gjekk! Ja dette er vanskelegt. For ho kom
paa tverke med so mangt i tida. Ho skar seg gjenom
høgre og vinstre og all dagsens politik, og gjekk like ned
til grunnane, der Vøluspaa ein gong skaut fram, der
folkevisone og eventyra vaare har grorbotnen sin. Og
dette har vaar tid so vondt for aa skyne — at
folke-profetar maa staa fritt, og ikkje setjast i baas og rubrik
og hakke pinnar aat eit parti. Det var det norske
instinktet dei greip fat i, og gjorde levande i ungdomen,
so det glødde og lyste som sola um vaaren ... so
Ludvig Schrøder i Askov sa: „Hadde slike krefter vore
samla paa ein flekk her i Danmark, skulde tiandekvar
ungdom korne der.“ For dei hadde aanden, som er mor
og far til all norskdom, som kan sveise ein aalmugje
saman til eit folk — detta skyna Schrøder, difor sa han
so sterke ord. Dei var historiske arvtakarar etter Hauge
og Wergeland, desse karane — til det var dei kalla, um
berre folket hadde teke imot. Og det er ingen som
tvi-lar paa dette, som saag synene dei dryste ut, just naar
denne aand var over deim. Til og med Bjørnson trudde,
og var med i koret med sin tone, so lenge til han vart
synkvervd av Europa-kulturen og tapte trua paa bonden,
saman med trua paa Kristus. Daa braut han ut, og
appelerte til alle andre instinkt enn det norske, — og
fekk so altfor mange med seg!

Kva er det for ei forbanning over vaart folk . . .
at stødt naar Vaar Herre har sendt oss noko heilstøypt
godt, til uppreising — so har vi sjølve syrgt for aa rive
det ned att?

Eg spurde eingong biskop Wexelsen um dette. „Huff,
ja — sa han — individualisma held paa og drep oss
snart — vi er alt anna enn kristne — vi er ein hop
slaastkjempor."

Og so hylja det ned over Vonheim — fraa Bjørnson
og materialistar og kulturberarar — regnskurer med spott

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free