- Project Runeberg -  Grundtvig /
16

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han preika i Vår Frelsars kyrkje fredag etter
pinse. Etter framlegg av presidenten — Harbitz —
slutta Stortinget m0tet den dagen, so
stortingsmen-nene kunde få h0ve til å h0yre den namngjetne
presten og diktaren. Frå 1863 og heilt til han
d0ydde vart det halde mange «vennem0der» med
Grundtvig til talar. Det st0rste var vel det som
vart halde året fyrr han d0ydde (mai 1871). Meir
enn 2000 var til stades, millom dei 150 norske
h0g-skulevener og elevar.

Grundtvig d0ydde 2. september 1872 i armstolen
framfor skrivebordet utan han hadde vore noko
st0rre| sjuk fyreåt. Livskrafta var uppbrukt og
livsyrket til ende. «Han sov hen som sol i h0st
gaar ned». — Eit slikt likfylgje som det som fylgde
Grundtvig til grava, hadde ikkje gått gjenom
Kj0-benhavn på mange hundrad år. Han vart
grav-lagd i Kj0ge.

Millom dei som var med, var Bj0rnstjerne
Bj0rnson og Viggo Ullmann. Den songen
Bj0rnson då skreiv: «Ligesom V0lven i Nordfolkets
gry» er kanskje den mest storfelte av alle som er
skrivne um Grundvig og ein av dei vakraste og
mektigaste Bj0rnson i det heile har dikta.

Den 8. septbr. 1883, 100-årsdagen etter
Grundtvig var f0dd, vart avduka ein minnestein på Udby
prestegard. Presten Vilhelm Birkedal heldt
hovudtala og slutta soleis: «Han (Grundtvig)
elskede den danske Bonde. Han var f0dt og vokset
op i Eders Midte her i Udby, og han vedblev alle
Dage at vaere knyttet til Eder som til intet andet
Folkeslag i Danmark. Han saa i den danske
Bonde den skjulte Folkekraft og Folkemarv, der
skulde nyttes til Faedrelandets serefulde Fremtid
og Frihed og Frelse, naar Kraft og Marv blev taget

i Aandens Tjeneste. —–Mindestenen staar

midt i Landet, midt iblandt B0nderne. Den skal

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free