- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
90

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90 Gustav Indrebø
og då. So hjelpelaus som Marcus Schnabel når han skal sitera
gamalnorske glosor, er Christie like vel slett ikkje. Der er eit
langt sprang millom deim soleis.
Av for snøgg umgang med ordbøker kjem det t. d. når Christie
under artikkelen Hjort-kolla siterar frå islendsk ikkje berre hiart
kolla (hind) men og hiortkioll (frostal), og under veik adj. »A. S.
weac« (i st. f. wac).
Rettskrivingi i dei norske ordi var eit viktugt spursmål for
Christie. Og eit vanskelegt spursmål som rimelegt kunde vera.
Han henta tilfang frå fleire bygdemål, og vilde ha ein nokolunde
einslaga norm, men noko ny-norsk mynster fanst ikkje. Han
hadde gjort seg upp tanke um korleis han vilde ha det. Frå den
tid han vart kjend med islendsk, laga han seg reglar, soleis at
ortografien skulde nærma seg nokoleis til dei islendske eller gamal
norske ordi, fortel han i »Underretninger« (s. 3 f.). Med andre
ord: ein noko etymologiserande skrivemåte, soleis som det logisk
laut verta når han vilde ha eit system og då ikkje vilde normalisera
strengt etter éin einskild dialekt. Avvikande dialektformer tenkte
han å setja til jamsides med hovudformi, segjer han. Men det
system som han soleis hadde tenkt seg for skrivemåten, hev han
ikkje fenge sett heilt i verk. Der er ei tilnærming i ordboki til
ein normal som stend næmast (ut-)hordamål (som likjest på
islendsk i mykje). 4 Men ingi reglar er sette fylgjerett i verk,
skrivemåten er i mangt og mykje ustød og inkonsekvent. Orto
grafiske prinsipp som Christie kjende frå anten dansk eller islendsk
eller frå båe dei skriftmåli, brytst med reglane for hordamålet;
og ulike bygdemålsformer brytst med kvarandre um romet for
uppslagsformer.5 Ein veit dertil ikkje jamt, der som tvo eller
4 Av drag som me finn hjå Christie i sterkare eller veikare mun, og
som soleis skulde høyra den normalen til som han tenkte seg, nemner me :
I samsvar med hordamålet, og islendsk, t. d. infinitiv og lint hokyn på a,
bindevokal a, det er viktuge drag. I samsvar med hordamål imot islendsk,
t. d. åoxen, eigen; austleg (hordamål -le); HWete; Fiskar; ette præp. ; A/enna,
matgyængen, Dun^/e, harleiÆ/en, MærA/e; Byravefe, Vejar, Einstøing,
glæeleg, Sia f., Matbu, Matraa; har adj., For-or, Dyra-gw; Morgo. Etter
Haldorsens islendske ordbok (-az), imot hordamål, refleksiv på -as
(dyrkas, eldas).
5 Av motsetningar som kjem fram på den eine eller andre av desse
tvo måtane, kann nemnast: a og e i infinitiv og lint hokyn {a er do
greidt det vanlege i uppslagsformene) ; as (oftast) — ast (ikkje sjeldan) i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free