- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
21

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21
Innleiding
gravsteinar, og spurde upp ting som hadde vorte spreidde på
bygdi der som gamle kyrkjor hadde vorte rivne. Ei truverdig
glede kling ofte igjenom ordi hans når han finn eit vakkert og
velhalde gudshus eller eit velberga stykke elles som er gjort med
kunst og hagleik. »Et deiligt forgyldt Maria Billede«, »et sandt
Pragtstykke«, skriv han um eit utskore bilæte som han såg i Hove
kyrkje i Vik på ei ferd 1827 (197 a, 66); »overmaade skjøndt ud
hugget af Vegsteen, og det er vel conserveret« (197 a, 50), noterar
han på same ferdi um portalen i Luster (Dale) kyrkje. Um Stavan
ger domkyrkje 1828: »en prægtig Levning af Middelalderens skjønne
Bygnings-Konst« (187 a, 42). »Borgunds skjønne Kirke« talar han
um i dagboki frå ei sumarferd 1846, og den »skjønne Døbefont«
i Aurlands kyrkje (227 b). På ei ferd 1847 noterar han i dag
boki frå »Borgensunds« d.e. Borgund kyrkje på Sunnmøre: »Et
lidet Basrelief ovenover Alterbordet er underskjønt. Paa Væggen
ved Opgangen til Prædikestolen og lige over paa en Væg under
en af Lemmerne, hænge mærkelige Tavler af samme Slags«. Og
um Giske kyrkje dagen etter: »en vakker liden« og »vel vedlige
holdt Bygning.« Seinare på ferdi, då han kom til Innherad, gledde
han seg yver »den vakkre Kirke« i Alstahaug likso vel som yver
»den skjønne Udsigt fra den gamle ærværdige Gravhøj tæt ved
Kirken«; yver »den ærværdige, murede Kirke« på Stiklestad med
»skjønt udhugne« portalar; yver »en temmelig godt vedligeholdt
og smuk Marmor Ligsteen af en sjelden Ælde« ved »den ældgamle
Saxhougs Kirke« (227 c) . På hi sida er han leid der som han
»ikke forefandt noget mærkværdigt«, som i Vanylven hovudkyrkje
1847 (227 c). Og harmen hans er ærleg når han møter likesæle
og vandalisme. Der kunde vera eitt og anna av det! T.d.: På
Giske fann han tri »særdeles gamle Billeder af Egetræe« ståande
»henslængt iet Hul under Prædikestolen« (227 c) . I Aurland såg
han eit par måla tavlor frå den gamle Ryggs kyrkje hangande
utanpå husveggen i prestegarden, »saare ilde medfarne« (227 b).
Ei umvøling i Borgund kyrkje på Sunnmøre skildrar han med
desse ordi 1847:
»Jeg veed ikke, hvad man meest skal forundre sig over, den
Rigdom af skjønt Skulptur-Arbejde af Eeg, hvormed denne Kirke
i Middelalderen er bleven forsynet, eller den Vandalisme,
hvormed man nu nyelig har forstyrret og tildeels ødelagt samme.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free