- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
180

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180
sprang han attende og tok den andre baaten
og rodde han upp til viki. Robinson sjølv
gjekk langs med strandi upp til elveosen.
Daa han kom dit, hadde Fredag alt kome
der med baae baatarne. So tok han og bar
Robinson yver viki, og sidan bar han dei
tvo upp or baaten. Aldri hadde Robinson
sét slikt liv og slik snugg i han som i dag,
og Fredag synte denne gongen betre enn
nokon gong fyrr kor dugande ein kar han var.
Dei tvo mennerne som dei hadde berga,
orka ikkje enno aa staa eller gaa. Robinson
og Fredag maatte laga eit slag baara av
greiner og kvister til aa setja dei paa, og so
tok dei og bar dei den lange vegen heim til
huset. Men der kom dei endaa iei knipa.
Korleis ’skulde dei faa dei tvo armingarne
yver dei høge gjerdi? Dei kunde ikkje berar
dei yver, og Robinson vilde naude brjota hol
i festningsverki sine. So visste dei ikkje
onnor raad, dei bygde ei liti hytta ute millom
det ytste gjerdet og skogrringen ikring og
tetta ho godt til med greiner og kvister og
gamle segl. Der reidde dei upp tvo sengjer
av rishalm og klæde so godt dei kunde, og
bar so dei tvo inn og hjelpte dei til sengs.
Daa dette var gjort, sende Robinson
Fredag av stad etter ei gjeit. Dei slagta ho
og koka noko av kjøtet og bar inn til dei tvo,
og so sat dei der alle fire og aat til kvelds.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free